Opna hovudmenyen

Matthias Stoltenberg (fødd 21. eller 25. juli 1799 i Tønsberg, død 2. november 1871Vang i Hedmark) var ein norsk biletkunstnar som særleg måla portrett. (Namnet hans har ofte vore skrive Mathias, men den leiande forskaren på Stoltenberg, Øivind Storm Bjerke, skriv at målaren sjølv skreiv Matthias, og at det også er det som står i kyrkjeboka.)

Matthias Stoltenberg
Matthias Stoltenberg (1799 - 1871) (2837377398).jpg
Fødd 21. juli 1799
Tønsberg
Død

2. november 1871
Vang

Yrke kunstmålar
Strømsø med den gamle kyrkja på Tangen. Måleri frå juni 1847.
Utsikt frå nordbyen i Tønsberg mot Jarlsberg

Matthias Stoltenberg var eldste sonen til forretningsmannen, politikaren og eidsvollsmannen Carl Stoltenberg. Han var truleg etla til å ta over verksemda til faren, men at han vart døv i 10/12-års alderen sette ein stoppar for det. Han gekk som barn på privatskule og fekk god undervising. Som ungdom budde han i København kvar han fekk privatundervisning og seinare gjekk i snikkarlære, og i 1820 fekk han sveinebrev som snikkar. Etter at han var ferdig med den utdanninga gjekk han som privatelev hjå professor Christian August Lorentzen for å læra portrettmåling.

Sjølv om han var døv kunne han gjera seg forstått muntleg, ikkje berre på norsk, men også på tysk, engelsk og fransk. At han fekk så god utdanning botnar heilt i at han kom frå rike kår. Det var svært uvanleg i hans tid at døve fekk så god utdanning, dei fleste fekk ikkje utdanning i det heile, og mange vart ikkje i stand til å få seg nokon yrkesleveveg.

I 1826 reiste han heimatt til Noreg og levde som omreisande portrettmålar og snikkar. På reisene sine dekkjer han landet heilt opp til Troms.

BakgrunnsstoffEndra