Ole Rabliås
Ole Rabliås (11. januar 1927–18. januar 2013) var ein norsk høgskulelærar og folkemusikksamlar frå Hemnes, busett på Nesna.
Ole Rabliås | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. januar 1927 |
Død |
18. januar 2013 (86 år) |
Yrke | historikar, musikar |
Ole Rabliås var lærar fleire stader i Nord-Noreg, sist på Høgskolen i Nesna som høgskolelektor, til han vart pensjonert i 1991. Gjennom reiser på Helgeland har han samla inn over 600 folketonar. Han har òg spelt inn melodiar gjennom gruppa «Bygdelåten». For dette arbeidet fekk han Nesna kommunes kulturpris i 1993, Nordland fylkes kulturpris i 2003 og Kongens fortenestmedalje i sølv i 2004.
Ole Rabliås har skrive boka Folkemusikk på Helgeland (Nesna lærerhøgskoles skriftserie, nr 5). Han har skrive ei rad lokalhistoriske artiklar i Årbok for Helgeland.
Kjelder:
endre- Ove Larsen i Årbok for Helgeland 2007