Høgskolen i Nesna
Høgskolen i Nesna (HiNesna) er ein tidlegare høgskule i Nesna som no utgjer Nord universitet, studiestad (campus) Nesna. 1. januar 2016 blei HiNe slått saman med Universitetet i Nordland[1] og Høgskolen i Nord-Trøndelag til Nord universitet.[2]
Høgskolen hadde vel 1200 studentar og 130 tilsette. Han vart etablert som følgje av at lærarhøgskolen i Nesna vart omorganisert som ein del av Høgskolereforma i 1994. Frå 1918 og fram til 1994 var høgskolen kjend som Nesna lærerhøgskole.
Om høgskolen
endreHøgskolen i Nesna er den nest eldste institusjon for høgare utdanning Nord-Noreg. I tillegg til hovudcampus på Nesna, hadde HiNe studielokalitetar i Mo i Rana, i Sandnessjøen, i Brønnøysund og Mosjøen, og studietilbod i Narvik. Høgskolen var involvert både i ordinære forsknings- og utviklingsprosjekt og i prosjekt innanfor næringsretta høgskolesatsing.
Høgskolen sin online skriftserie er «Fredrikke», oppkalla etter kvinnesaksforkjemparen Fredrikke Tønder-Olsen.
Høgskolen gav tilbod om fag- og profesjonsstudie innan informatikk, naturfag, idrett, musikk, drama, lærarutdanning og sjukepleiarutdanning. Desse kunne ein ta i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgradar, mastergradar og somme doktorgradstudie, i tillegg til ei rad kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Høgskolen var delt i fleire fagseksjonar:
- Drama
- Engelsk
- Heimkunnskap
- Idrett
- Informatikk
- RLE
- Kunst og handverk
- Matematikk
- Musikk
- Naturfag
- Norsk
- Pedagogikk
- Samfunnsfag
- Sjukepleiarutdanning