Olea Crøger

norsk folkesongar

Olea Crøger (27. april 180121. november 1855) var kanskje den første store folkevise- og folkeminnesamlaren i Noreg, sjølv om ho har komme i skuggen av Ludvig Mathias Lindeman og Magnus Brostrup Landstad som publiserte mykje av materialet hennar.

Olea Crøger
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juli 1801
Heddal kommune
Død

21. november 1855 (54 år)

Yrke musikkforskar
Far Johannes Crøger

Olea Crøger var frå Heddal i Telemark, dotter av Helle Margrethe Neumann og soknepresten Johannes Crøger.

Livsverket endre

Sjølv om det var Olea Crøger som samla mange av folkevisene i Norske Folkeviser som Landstad gav ut i 1853, er ho berre så vidt nemnd i forordet. Sameleis leverte ho meir melodimateriale til Lindemans Norske fjeldmelodier enn nokon annan. Mellom dei melodiane/visene ho skreiv opp, finn vi nokre av dei mest kjende balladane: «Liti Kjersti og Bergekongen», «Falkvor Lomannsson» og «Åsmund Frægdegjeva». Crøger skreiv ned tonane ved hjelp av siffernoteskrift utvikla for salmodikonspel.

I 1839 flytta Olea med dei to systrene sine til Seljord, og her kjøpte dei den tidlegare lensmannsgarden Hegnin, som dei dreiv i lag. Olea underviste i tillegg i song på Kviteseid Seminar. I Seljord kom ho i kontakt med presten M.B. Landstad. Dei to kom til å samarbeide om å redde mykje av det som var att i munnleg tradisjon av folkedikting i Vest-Telemark. Ho starta arbeidet før både Jørgen Moe, L.M. Lindeman og M.B. Landstad, og ho møtte mykje motgang.

I seinare år har det viktige innsamlingsarbeidet til Olea Crøger blitt meir verdsett enn før.

Ettermæle endre

Livet hennar Olea Crøger dannar bakgrunnen for nokre av romanane til Gudrun Brauti Knutslid og Ingebjørg Mælandsmo. Edvard Hoem har òg skrive eit stykke til 200-årsdagen for Magnus Brostrup Landstads fødsel; som ei hyllest til Magnus Brostrup Landstad og Olea Crøger.

Kjelder endre