Oleksandria
Oleksandria (ukrainsk Олександрія, russisk Александрия, Aleksandria) er ein by i Kirovohrad oblast (provins) sentralt i Ukraina. Han er det administrative senteret i Oleksandrijiskyj rajon (distrikt). Byen har litt over 90 000 innbyggjarar og med landsbyar i rajonen er det totalt litt over 100 000 innbyggjarar.
Oleksandria | |||
Олександрія | |||
by | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
oblast | Kirovohrad oblast | ||
rajon | Oleksandrijiskyj rajon | ||
Høgd | 107 moh. | ||
Koordinatar | 48°40′N 33°07′E / 48.667°N 33.117°E | ||
Areal | 55 km² | ||
Folketal | 93 357 | ||
Folketettleik | 1 697 / km² | ||
Grunnlagd | 1754 | ||
Oleksandria 48°40′00″N 33°07′00″E / 48.666666666667°N 33.116666666667°E | |||
Kart som viser Oleksandria.
| |||
Wikimedia Commons: Oleksandriia |
Historie
endreByen vart grunnlagd i 1754 som busetnaden Usovka (russisk Усовка, ukrainsk Усівка) og har hatt namnet Oleksandria sidan 1784. Han var senter for eit ukrainsk bondeopprør i 1919 leia av Ataman Grigorijev.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Oleksandriia, Kirovohrad Oblast» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2012.