Oleksij Lukasjevitsj

Oleksij Lukasjevitsj[a] (fødd 11. januar 1977) er ein ukrainisk tidlegare lengdehoppar frå Dnepropetrovsk som vart europameister i øvinga i 2002 og tok EM-sølv i same i 2006.

Oleksij Lukasjevitsj
Statsborgarskap Ukraina
Fødd 11. januar 1977 (47 år)
Dnipro
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Lukasjevitsj vart junior-verdsmeister i 1996 med eit hopp på 7,91 m. To år seinare vann han lengdehopp i innandørs-EM 1998 i Valencia med 8,06 m, ein centimeter føre portugisaren Carlos Calado. Året etter sigra han under universiaden med eit lengstehopp på 8,16 m.

Lukasjevitsj deltok i finalen under dei olympiske sommarleikane 2000 i Sydney. Med 8,26 m var han ein centimeter under sin personlege rekord og vart nummer fire, fem cm bakom landsmannen Roman Sjtsjurenko som tok bronsemedaljen. Sin einaste VM-finale nådde Lukasjevitsj under VM i friidrett 2001 i Edmonton. Med 8,10 m kom han på sjetteplassen, elleve centimeter bak Carlos Calado som vann bronsemedaljen.

Lengdetevlinga i EM i friidrett 2002 i München vart avvikla i vått og kjølig vêr. Berre to av deltakarane oppnådde åtte meter i sitt beste hopp. Med 8,08 m vann Lukasjevitsj gullmedaljen, åtte cm lengre enn sølvmedaljøren Siniša Ergotić frå Kroatia.

Fire år seinare hevda Lukasjevitsj seg på ny i ein europameisterskap. I 2006 i Göteborg landa han på 8,12 m og tok bronsemedaljen, åtte centimeter bakom den italienske europameisteren Andrew Howe. Året etter hamna han på fjerdeplassen i VM i friidrett 2007, nett som under OL 2000 var han fem cm bak bronsevinnaren, i Osaka var det Dwight Phillips frå USA.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Merknadar endre

  1. Ukrainsk skrift Олексій Лукашевич

Kjelder endre