Olena Anatolijivna Antonova (fødd 16. juni 1972) er ein ukrainsk tidlegare diskoskastar frå Nikopol. Ho vann bronsemedaljen i øvinga under Sommar-OL 2008.

Olena Antonova


Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 10. juni 1972 (51 år)
Nikopol i Ukraina
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Utmerkingar

3. klasse av Fyrstinne Olgas orden

Aktiv endre

Antonova forbetra under verdsmeisterskapen 2003 sitt personbeste til 65,90 meter, eit kast som gav henne fjerdeplassen i tevlinga. Den 6. juni 2004 i Kiev presterte ho livbeste med 67,30 meter. To månader seinare kom ho på femteplass (omgjort til fjerdeplass i 2012) under Sommar-OL i Aten. Etter ha vorte nummer fem i Osaka-VM i 2007, lukkast Antonova take ein medalje ved Sommar-OL 2008. Med eit bestekast på 62,59 m vart ho bronsemedaljør, berre Stephanie Brown Trafton frå USA og Yarelis Barrios frå Cuba kasta lengre. Barrios si medalje vart elles annullert i 2016.

Doping endre

Antonova hadde lagt opp då det i 2013, ved retesting av dopingprøva frå VM 2009, vart funne restar av stanozolol i prøvematerialet. Ho vart dømd til 2 års utestenging.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre