Olena Jurijivna Petrova[a] (fødd 24. september 1972) er ein ukrainsk tidlegare skiskyttar, fødd i Moskva i Sovjetunionen/Russland. Ho vann ein olympisk sølvmedalje i under Vinter-OL 1998 i Nagano, samt fire VM-sølv og seks VM-bronsar. Petrova lukkast aldri å stå øvst på sigerspallen etter ei stor internasjonal tevling.

Olena Petrova


Statsborgarskap Ukraina
Fødd 24. september 1972 (51 år)
Sarkan
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 2002, biathlon at the 1998 Winter Olympics – women's individual

Utmerkingar

3. klasse av Ukrainas fortjenesteorden

Aktiv endre

Petrova debuterte i verdscupen i skiskyting i 1992 med ein 11. plass på 15 km. Ho overraska stort i VM 1996, der ho kapra bronsemedaljen på 15 km og fekk ein ny VM-bronse med Ukraina sitt stafettlag på 4 x 7,5 km. I tillegg vann ho ein sølvmedalje i lagtevlinga i same verdsmeisterskapen. Under vinter-OL 1998 overraska ho på nytt og fekk OL-sølv på 15 km, 17,8 sekundar bakom den olympiske meisteren på distansen, Jekaterina Dafovska frå Bulgaria.

Det var fyrst i 1999-sesongen at Petrova kom på pallen i eit ordinært verdscuprenn. Ho vart då nummer to i ei tevling i Pokljuka, og enda på sjuandeplassen i verdscupen i skiskyting 1999. På tampen av same sesongen tok ho VM-sølv på fellesstarten over 12,5 km, ei tre sekundar bak landsmannen Olena Zubrilova.

Med feilfri skyting fekk Petrova VM-sølv på sprinten i 2003, medan ho året etter tok ein bronsemedalje på 15 km i VM i Oberhof. Fram til 2006 var Petrova fast på Ukraina sitt stafettlag i dei store meisterskapane, og var såleis med på å vinne VM-bronsar i 2000 og 2001, og VM-sølv i 2003.

Ho la opp i 2008.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Merknadar endre

  1. Ukrainsk skrift Олена Юріївна Петрова

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre