Olga Valentinovna Korbut (fødd 16. mai 1955) er ein tidlegare turnar frå Hrodna som representerte Sovjetunionen. Ho vann tre gullmedaljar under Sommar-OL 1972, to gullmedaljar i Turn-VM 1974 og gull med det sovjetiske mannskapet ved Sommar-OL 1976.

Olga Korbut


Statsborgarskap Sovjetunionen, USA
Fødd 16. mai 1955 (69 år)
Hrodna
Idrett turn
Tok del i gymnastics at the 1972 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1976 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1972 Summer Olympics – women's uneven bars
Utmerkingar Ærestegnets orden, Ordenen folkenes vennskap, Idrettens mester i Sovjetunionen, Associated Press Athlete of the Year, ganarovy gramadzianіn gorada Grodna

Gjennom sine prestasjonar under dei olympiske sommarleikane 1972 i München, tok Korbut kvinneturn bort frå ballett til akrobatikk. Særleg imponerte ho med sin Korbut-salto på bom. Ho vart også olympisk meister i frittståande og i lagtevlinga, samt sølv i skranke. Under Turn-EM 1973 vart ho nummer 2 i mangekampen. Ved Turn-VM 1974 i Varna vann ho medalje i alle seks tevlingane, to i gull og fire i sølv. Under Sommar-OL 1976 fekk ho gull i lagtevlinga og sølv på bom, bakom rumenske Nadia Comăneci.

Korbut utvandra til USA i 1991.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Olga Korbut