Olivia Rodrigo

Olivia Isabel Rodrigo (fødd 20. februar 2003) er ein amerikansk songar, låtskriver og skodespelar.

Olivia Rodrigo
Olivia Rodrigo at Vice President's West Wing office (2).jpg
Fødd20. februar 2003 (19 år)
FødestadMurrieta
FødenamnOlivia Isabel Rodrigo
OpphavUSA
Aktiv2015–
Sjangerteenpop
Instrumentvokal, piano, akustisk gitar, el-bass, ukulele
PlateselskapInterscope Records, Geffen Records
Verka somsinger-songwriter, skodespelar
PrisarAmerican Music Award for New Artist of the Year, Billboard Music Award for Top New Artist, Billboard Music Award for Top Female Artist, Billboard Music Award for Top Hot 100 Artist, Billboard Music Award for Top Streaming Artist, Billboard Music Award for Top Radio Songs Artist, Billboard Music Award for Top Billboard 200 Album, Brit Award for International Song, Grammy Award for beste nye artist, Grammy Award for Best Pop Solo Performance, Grammy Award for Best Pop Vocal Album, MTV Europe Music Award for Best Push Act, MTV Video Music Award for Best New Artist, MTV Video Music Award for Song of the Year, MTV Video Music Award for Push Performance of the Year, Premios Odeón

Ho er kjend for rollene sina som Paige Olvera frå Disney Channel-serien Bizaardvark og Nini Salazar-Roberts frå Disney+-serien High School Musical: The Musical: The Series.[1]

I 2020 skreiv ho kontrakt med Geffen Records og Interscope, og 8. januar 2021 gav ho ut sin første singel, «Drivers License», som toppa hitlistene i fleire land, blant anna i Noreg, der han toppa den norske singellista i fem veker. Singelen oppnådde større suksess i heimlandet hennar, USA, der han toppa Billboard Hot 100 i åtte veker. 1. april 2021 gav ho ut oppfølgjarsingelen Deja Vu. Denne debuterte på 8. plass på Billboard Hot 100, der ho vart den første artisten som debuterte på topp 10 med dei to første singlane sine. I Noreg nådde singelen ein 17. plass. Ei veke før debutalbumet hennar vart gjeve ut, gav ho ut sin tredje singel derfrå, «Good 4 U». Dette vart den andre singelen hennar til å toppa Billboard Hot 100. I Noreg debuterte han på ein 31. plass i veke 20, og klatra opp 30 plassar derfrå til førsteplass den påfølgjande veka.

Den 21. mai 2021 gav ho ut debutalbumet sitt Sour, som debuterte på fyrsteplass i Noreg, Storbritannia og fleire land. Noreg var fyrste land i verda til å motta sertifisering for dette albumet, der det fekk platinaplate allereie fire dagar etter utgjevinga.

DiskografiEndra

StudioalbumEndra

  • Sour (2021)

SinglarEndra

  • «Drivers License» (2021)
  • «Deja Vu» (2021)
  • «Good 4 U» (2021)

KjelderEndra

  1. TV, Destacados (5. mars 2021). «Olivia Rodrigo: +30 datos sobre la cantante de que necesitas saber» (på spansk). Henta 7. juni 2021. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Olivia Rodrigo