Oluf Kind

norsk politikar

Oluf Nilsson Kind (20. mai 184720. desember 1910) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Nordre Land i Oppland, faren var gardbrukar.

Oluf Kind
Fødd20. mai 1847
Nordre Land
Død20. desember 1910
Nordre Land
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
MorAnne Marie Frøisland

Kind gjekk eit år på ein høgare allmennskule i Land, og ½ år på Sagatun Folkehøyskole. Frå 1866 til 1906 var han gardbrukar på garden der mor hans kom i frå. I tillegg var han kommissær ved åstadforretningar. Han var ordførar i Nordre Land 1880-85 og skulestyreformann 1890-94. Tida 1890-98 var han medlem av amtsskulestyret.

Kind var 2. representant frå Kristians amtStortinget i perioden 1886-88, der han var medlem av vegkomiteen. Han representerte partiet Venstre.

Han døydde på garden sin, Kinn i Nordre Land, i 1910.

KjelderEndra