Omar McLeod (fødd 25. april 1994) er ein jamaicansk friidrettsutøvar frå Kingston som vann gullmedaljen på 110 meter hekk både under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro og i verdsmeisterskapen i friidrett 2017 i London. Hans personlege rekord på korthekken er 12,90 sekundar. McLeod har sprunge 100 meter på 9,99 sekundar, og er det einaste mennesket som har personbeste under 13 sekundar på korthekken og under 10,0 på 100 meter.

Omar McLeod

Statsborgarskap Jamaica
Fødd 25. april 1994 (30 år)
Kingston på Jamaica
Yrke hekkeløpar
Høgd 180 centimeter
Omar McLeod på Commons

Kjelder

endre