Omleiringa av Maastricht


Omleiringa av Maastricht var eit særs viktig ledd i kong Ludvig XIV av Frankrike sine planar om å erobra Dei sameinte Nederlanda for å hemne dei audmjukande vilkåra han måtte godta frå Trippelalliansen då han prøvde å erobre Spansk Nederland. Etter å ha gjort ein skinnmanøver mot Gent og Brussel, marsjerte Ludvig og hæren hans forbi Maastricht, som vart styrt av både Dei sameinte Nederlanda og bispedømet Liège, i mai 1672 og lèt byen vere i fred. I 1673 vart forsyningslinene hans truga og han valde å erobre byen. Omleiringa byrja 11. juni 1673.

Omleiringa av Maastricht
Del av Den fransk-nederlandske krigen

Kyrkja Onze Lieve Vrouw ten Hemelopneming i Maastricht.
Dato 13. juni - 26. juni 1673
Stad Maastricht i Nederland
Resultat Fransk siger
Partar
Frankrike Nederland 1581-1795 Dei sameinte Nederlanda
Det spanske riket 1506-1701 Det spanske riket
Kommandantar
Ludvig XIV
Sebastien Vauban
Jacques de Fariaux
Styrkar
24 000 infanteristar
16 000 kavaleristar
58 kanonar
5 000 infanteristar
1 200 kavaleristar
Tap
Ukjend 6 000 døde, skadde eller fanga

Maastricht var den første store byen som vart angripe av Sebastien Vauban, ein meister innan festningshandverk på denne tida. I tillegg til at han skaut på bymurane med kanonar, gav han ordre om å grave grøfter i eit sikksakkmønster, parallelt til murane. Med å gjere det på denne måten var det vanskeleg for forsvararane å få åtakarane i sikte og slik kunne slik kunne dei ingeniørtroppane nå uskadd fram til bymurane for å plante bomber i muren.

24. juni var minnefestdagen for Johannes Døyparen og kong Ludvig ønskte å erobre byen innan den tid slik at han kunne feire messa i domkyrkja i Maastricht. Grøftene stod ferdig og regimentet til kongen og kompaniet med dei grå musketerane førte an marsjen inn i byen under kapteinløyntnant Charles de Batz de Castelmore si leiing. Han var òg kjend som d'Artagnan. Franskmennene kryssa vollgrava etter harde kampar og erobra eit halvmåneforma festningsverk der nokre av dei hardaste kampane under slaget stod.

Dei fleste av franskmennene vart driven ut av spanske reservestyrkar kort tid etter, men om lag 30 mann heldt ut nesten heile natt. Hertug James Scott av Monmouth prøvde å erobre ein veg som var under spansk kontroll, men måtte trekke seg tilbake etter å ha mista 300 mann. Nederlendingane gjenerobra den halvmåneforma festinga kort tid etter og då hertugen av Monmouth samla troppane sine saman til eit nytt åtak vart dei driven tilbake nok ein gong og denne gong mista grev d'Artagnan livet.

Til slutt gav den franske kongen ordre om at artilleriet skulle setjast i gang igjen og lokka nederlendingane til å overgje seg i løpet av ei veke.

Nijmegentraktaten enda krigen mellom franskmennene og nederlendingane vart Maastricht gjeve tilbake, men Ludvig heldt fleire andre av Habsburg sine byar.

Slaget vert kanskje meir hugsa for dei revolusjonerande teknikkane som Vauban nytta, enn for sjølve utfallet av slaget.

Kjelder endre