On Broadway
Singel av The Drifters
frå albumet Under the Boardwalk
B-side

«Let the Music Play»

Utgjeve 1963
Sjanger Soul
Lengd 3:05
Selskap Atlantic
Tekstforfattar Barry Mann
Låtskrivar(ar) Barry Mann, Cynthia Weil, Jerry Leiber og Mike Stoller
The Drifters-kronologi 
«Up on the Roof»
(1962)
On Broadway «Rat Race»
(1963)


On Broadway
av George Benson
frå albumet Weekend in L.A.
Utgjeve 1978
Sjanger Smooth jazz, disco
Selskap Warner Bros.
Tekstforfattar Barry Mann
Produsent Tommy LiPuma

«On Broadway» er ein song skriven av Barry Mann og Cynthia Weil i samarbeid med Jerry Leiber og Mike Stoller.

Komposisjon endre

Weil og Mann var baserte ved Aldon Music, på 1650 Broadway i New York City, og songen, slik han vart skriven av Mann/Weil vart opphavleg spelt inn av the Cookies (sjølv om the Crystals gav ut sin versjon før dei) og hadde ein livleg tekst der songaren er på veg til Broadway og syng «I got to get there soon, or I'll just die.»

Då Leiber/Stoller gjorde det kjend at the Drifters hadde leigd studio for dagen etter og mangla ein song, kom Mann/Weil med «On Broadway». Leiber og Stoller likte songen, men følte han ikkje var heilt rett og dei fire sette seg ned og kom opp med ein betre versjon av songen. Ein ung Phil Spector spelte den særeigne gitarsoloen på innspelinga til The Drifters.[1] Andre som var medverkande på the Drifters innspelinga var Joe Newman, Ernie Royal - trompetar; Billy Butler, Bill Suyker, Everette Barksdale - gitarar; Russ Savakus - bass; Gary Chester - trommer og Phil Kraus, Nick Rodriguez, Martin Grupp - perkusjon. Det instrumentale arrangementet vart skriven av Gary Sherman.

Versjonar endre

Songen vart ein hitt for the Drifters i 1963, som nådde niandeplassen på Billboard Hot 100. Han har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar, som the Coasters, the Dave Clark Five, the Chipettes, Bobby Darin, Percy Faith, Tom Jones, Johnny Mathis, Frank Sinatra, Nancy Sinatra og Neil Young.

George Benson sin versjon av «On Broadway» frå albumet Weekend in L.A. i 1978, nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100 og andreplassen på soullsita.[2] George Benson-versjonen vart mykje spelt på radiokanalar innan adult contemporary og smooth jazz. Han vann Grammy-prisen for beste R&B-song. Songen vart nytta i filmane Big Business og American Beauty.

Den britiske progrockgruppa Genesis refererte til songen i teksten og melodien på songen «The Lamb Lies Down on Broadway» frå albumet The Lamb Lies Down on Broadway i 1974.

Kjelder endre

  1. Mick Brown. Tearing Down the Wall of Sound, p.96
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singlar: 1942-2004. Record Research. s. 53. 

Bakgrunnsstoff endre