Ongley Island
Ongley Island er ei kupert, klipperik øy som ligg utanfor nordkysten av Greenwich Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Ho er 1350 meter lang frå vest til aust og 470 meter brei og dekkjer 44 hektar.[1] Området vart vitja tidleg på 1800-talet av selfangarar.
Ongley Island | |||
øy | |||
Ongley Island (i bakgrunnen) frå Barrientos Island i Aitcho Islands.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Sør-Shetlandsøyane | ||
Del av | Sør-Shetlandsøyane | ||
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 62°25′48″S 59°53′15″W / 62.43000°S 59.88750°W | ||
Lengd | 1,35 km | ||
Areal | 0,44 km² [1] | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Ongley Island 62°25′48″S 59°53′15″W / 62.43°S 59.88738889°W | |||
Øya er kalla opp etter L.T. Ongley, kartograf i Admiralty Hydrographic Department i 1935.
Øya ligg 3,7 km vest for Dee Island, 1,73 km nordaust for Aprilov Point, Greenwich Island, 2,74 km nordaust for Miletich Point, Greenwich Island, 2,52 km aust-nordaust for Kabile Island, 5,3 km søraust for Romeo Island og 3,7 km sørvest for Stoker Island.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ongley Island» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4