«Only Teardrops»
Singel av Emmelie de Forest
frå albumet Dansk Melodi Grand Prix 2013
Land Danmark
Språk Engelsk
Utgjeve 22. januar 2013
Sjanger Pop
Lengd 3:03
Komponist Lise Cabble, Julia Fabrin, Thomas Stengaard
Tekstforfattar Lise Cabble, Julia Fabrin, Thomas Stengaard
Låtskrivar(ar) Lise Cabble, Julia Fabrin Jakobsen og Thomas Stengaard
Produsent Thomas Stengaard

«Only Teardrops» var det danske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Emmelie de Forest. Songen er skriven av Lise Cabble, Julia Fabrin Jakobsen og Thomas Stengaard.

Dansk Melodi Grand Prix 2013 endre

Ti bidrag vart valde ut av Danmarks Radio (DR) til å delta i finalen i Dansk Melodi Grand Prix 2013 i Herning i Danmark.

Finalen endre

Songen starta som nummer åtte, etter Jack Rowan og Sam Gray med «Invincible» og før Albin med «Beautiful to Me». Bidraget enda mellom dei tre beste og gjekk vidare til superfinalen. I superfinalen fekk songen 26 poeng og vann. «Only Teardrops» får dimed representere Danmark i Eurovision Song Contest 2013.

Eurovision Song Contest 2013 endre

  «Only Teardrops»
 
Eurovision Song Contest 2013
Land Danmark
Artist(ar) Emmelie de Forest
Språk Engelsk
Komponist(ar) Lise Cabble, Julia Fabrin Jakobsen og Thomas Stengaard
Låtskrivar(ar) Lise Cabble, Julia Fabrin Jakobsen og Thomas Stengaard
Resultat
Danmark i Eurovision Song Contest
«Should've Known Better»
(2012)
«Only Teardrops»

Sidan berre dei fem store og vertslandet er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Sidan Malmö ligg nært geografisk til både Danmark og Norge vart det stadfesta at dei to landa ville ikkje ville delta i same semifinale for å maksimere tilgjenge på billetter til båe landa. Etter ei trekning på hovudkvarteret til Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) vart det stadfesta at Danmark vil delta i den fyrste semifinalen og Noreg i den andre semifinalen.[1] Den fyrste semifinalen vil finne stad 14. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 1 endre

Songen starta som nummer fem, etter Kroatia med «Mižerja» av Klapa s Mora og før Russland med «What If» av Dina Garipova. Sangen kom videre til finalen.

Finalen endre

Songen vann heile Eurovision Song Contest i 2013.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. «Running order Malmö 2013 to be determined by producers» (på engelsk). Eurovision.tv. 7. november 2012. Henta 20. februar 2013. 

Mal:Danske songar i Eurovision Song Contest