Opéra sauvage
Filmmusikkalbum av Vangelis
Utgjeve 1979
Innspelt 1978–1979, Nemo Studios, London
Sjanger Electronica
Lengd 43:06
Selskap Polydor
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi 
Odes
(1979)
Opéra sauvage See You Later
(1980)
Singlar frå Opéra sauvage
  1. «Hymne»
    Utgjeve: 1979
  2. «L'Enfant»
    Utgjeve: 1979

Opéra sauvage er eit album frå 1979 av den greske musikaren Vangelis. Musikken på albumet er laga for naturdokumentaren med same namn av den franske filmskaparen Frédéric Rossif. Plateomslaget er laga av Vangelis sjølv.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars link

Vangelis produserte dette albumet i løpet av den elektro-akustiske perioden sin, som var ein av dei mest produktive i karrieren hans. Opéra Sauvage minner meir om den klassiske stilen hans enn den tidlegare musikken han laga for same regissør, som L'Apocalypse des animaux og La fête sauvage.

Dokumentarserien bestod av 21 episodar og nesten all musikken i serien var laga av Vangelis. Det vart nytta meir musikk i serien enn det som hamna på albumet.

Albumet nådde 42. plassen på Billboard Top 200 i USA og låg i alt 39 veker på lista.

Musikk endre

«Hymne», «L'Enfant», «Mouettes» og «Irlande» byggjer på forholdsvis enkle tema som vert utvikla instrumentalt. «Rêve» er, som tittelen indikerer, eit draumeaktig, roleg stykke. «Chromatique» har ei kromatisk instrumentallinje med akkordar på akustisk gitar. «Flamants roses» består av fleire delar, frå langsam til livleg, og endar i ein bluesaktig finale. Jon Anderson spelar harpe på songen.

Innhald endre

All musikk er komponert av Vangelis.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Hymne»2:40
2.«Rêve»12:26
3.«L'Enfant»4:57
4.«Mouettes»2:28
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Chromatique»3:25
6.«Irlande»4:43
7.«Flamants roses»11:50

Medverkande endre

Lydteknikar: Keith Spencer-Allen, assistert av Marlis Duncklau og Raphael Preston.

Anna endre

«L'Enfant» vart nytta i filmen The Year of Living Dangerously av Peter Weir.

«Hymne» vart nytta i ein fjernsynsreklmae for Barilla pasta i Italia i 1980-åra. I USA vart melodien igjen nytta i vinreklamar av Ernest & Julio Gallo.[treng kjelde]

Regissøren Hugh Hudson hadde tenkt å nytte «L'Enfant», som han likte særs godt, i opninga av den første scenen på stranda i filmen Chariots of Fire. Men Vangelis overtalte han til å la han komponere ny musikk og laga det kjende temaet til filmen. Regissøren nytta i staden «L'Enfant» in ein scene der eit marsjband spelar songen.[1]

Kjelder endre

  1. Trivia About Vangelis at ElseW.com