Opna hovudmenyen
L'Apocalypse des animaux
Filmmusikkalbum av Vangelis
Utgjeve 1973
Innspelt Studio Europa Sonor
Paris i 1970
Sjanger Elektronisk
Lydspor
Krautrock
Ambient musikk
Lengd 35:00
Selskap Polydor
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi
Earth
(1973)
L'Apocalypse des animaux Entends-tu les chiens aboyer?
(1975)


L'Apocalypse des animaux er eit filmmusikkalbum av den greske musikaren Vangelis. Musikken vart laga for ein dokumentarserie om dyreriket, regissert av Frédéric Rossif som først vart sendt på fransk fjernsyn i 1970. Sjølve albumet med musikken vart ikkje gjeven ut før i 1973.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

OversynEndra

Albumet er eit av dei tidlegaste verka til Vangelis, og vart spelt inn medan han framleis var medlem av progrockbandet Aphrodite's Child. Det er òg første gongen han samarbeider med den franske regissøren Frédéric Rossif.

Sjølv om albumet ikkje kom ut før i 1973, vart musikken spelt inn i Paris i 1970. I motsetnad til slik han seinare spelte inn filmmusikk, der han samstundes såg på filmen medan han komponerte, spelte han her inn generelle melodiar (basert på dyrelivstemaet i prosjektet, men utan at han hadde tilgang til filmen) og let filmklipparane nytte musikken der dei meinte han passa best.

Dokumentaren inneheld meir musikk enn det som finst på albumet, noko som har vore gjennomgåande i filmmusikkarbeidet til Vangelis.

Musikken vart laga i ein periode då Vangelis var veldig produktiv og villig til å eksperimentere med teknologi og nye stilartar. Ikkje berre var han framleis med i eit band og samarbeidde med forskjellige artiar, men han hadde òg laga musikk til filmen Sex Power av Henry Chapier. I tillegg deltok han kort tid etter i improvisasjonar i London, som seinare vart gjeve ut som albuma Hypothesis og The Dragon.

Musikalsk er albumet særs melodisk og rytmebaserte komposisjonar er nesten fråverande. Dei lange, flytande linjene i dei lengste stykka er ein føregjengar for ambient musikk, og ein stil som seinare vart kjend som «kosmis», ein variant av bordun-musikk. Mange krautrockartistar dreiv med liknande musikkstilar.

UtgjevingEndra

Jon Anderson, vokalist og frontmann i progrockgruppa Yes, var så fengsla av albumet at han valte å vitje Vangelis, noko som førte til det det langvarige samarbeidet deira i seinare år.[2]

Stykket «La Petite Fille de la mer» vart nytta i filmen Stranger than Fiction, men vart ikkje gjeven ut på filmmusikkalbumet som følgde.[3] Songen vart òg mykje nytta i sceneshowet til Slava Polunin kalla Slava's Snowshow.

På somme LP-versjonar står det at «Création du Monde» varerer 17:45, som er feil.

InnhaldEndra

All musikk komponert av Vangelis.

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Apocalypse des animaux - Générique»   1:26
2. «La Petite Fille de la mer»   5:54
3. «Le Singe bleu»   7:39
4. «La Mort du loup»   3:03
5. «L'Ours musicien»   1:03
Side to
# Tittel Lengd
6. «Création du monde»   10:03
7. «La Mer recommencée»   5:56

MedverkandeEndra

  • Vangelis – klaverinstrument
  • Didier Pitois – lydteknikar
  • Tony Kent – fotografi

FjernsynsdokumentarenEndra

Serien bestod av seks episodar, som kvar varte 50 minuttar:

  1. De l'abeille au gorille (Frå bie til gorilla)
  2. Les Animaux et les hommes (Dyr og menneske)
  3. Une Mémoire d'élephant (Minnet til elefanten)
  4. Traquer le chasseur (På jakt etter jegeren)
  5. La Peur du loup (Frykt for ulven)
  6. L'Enfant et la mer (Barnet og havet)

KjelderEndra

  1. L'Apocalypse des animauxAllmusic
  2. «Elsewhere»: Trivia, om Vangelis.
  3. IMDB, usage of Vangelis compositions in media.

BakgrunnsstoffEndra