La fête sauvage

filmmusikkalbum av Vangelis
La fête sauvage
Filmmusikk av Vangelis
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 1976
Innspelt Nemo Studios, London
Desember 1975
Sjanger Elektronisk
Lydspor
Lengd 38:30
Produsent Vangelis
Vangelis-kronologi 
Heaven and Hell
(1977)
La fête sauvage Albedo 0.39
(1976)


La fête sauvage er eit filmmusikkalbum av den greske musikaren Vangelis (som Vangelis Papathanassiou på somme utgjevingar), for ein dyredokumentar av Frédéric Rossif frå 1975.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[1]

Oversyn

endre

Albumet vart spelt inn berre tre månader etter Heaven and Hell i 1975. Samanlikna med det meir elektroniske og ambiente L'Apocalypse des animaux og det meir melodiske og «klassiske» Vangelis-albumet Opéra sauvage er La Fête sauvage meir basert på verdsmusikk. Den første delen av albumet blandar elektronica, perkusjon, dyrelydar og stammesong. Den andre delen flyttar seg inn meir vanleg Vangelis-territorium med frodige, elektroniske lydlandskap og melodiar.

Songen og perkusjonen vart utført av gjestemusikarar som vart invitert til studioet til Vangelis.

Det vart gjeve ut ein singel frå albumet, «Thème d'amour», med B-sida «Générique». , (EMI/Pathe Marconi Frankrike).

Dokumentaren inneheld meir musikk en det som finst på albumet, noko som var vanleg for filmmusikkalbuma til Vangelis, men vokalen frå Vana Veroutis er ikkje nytta i dokumentaren.

Innhald

endre

All musikk er komponert av Vangelis.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«La Fête sauvage I»20:18
Side to
Nr.TittelLengd
2.«La Fête sauvage II»18:12

Medverkande

endre

Musikk komponert, arrangert og produsert av Vangelis Papathanassiou.
Lydteknikar: Keith Spencer Allen
Andre medverkande er:

  • D. A. Adams King Potato
  • Lofty Amao
  • Idris Baba
  • Ben Da Doo
  • E. Lord Eric
  • Lartey Ottoo
  • Paul Jeffery
  • Vana Veroutis (vokal)

Kjelder

endre
  1. Connolly, Dave. «La Fete Sauvage». Allmusic. Henta 5. september 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre