Opera semiseria
Opera semiseria er ein italiensk operasjanger som var populær i byrjinga og midten av 1800-talet.
Opera semiseria er i slekt med opera buffa, men inneheld element av både komikk og patos, til tider i ein pastoral handling. Ein kan vanlegvis skilja han frå tragiske operar eller melodram gjennom bruken av ein basso buffo. Eit av dei mest kjende døma er Linda di Chamounix Gaetano Donizetti. Eit anna døme er La gazza ladra av Gioacchino Rossini . Vincenzo Bellinis La sonnambula inneheld alle karakteristiske ingrediensane til sjangeren bortsett frå den obligatoriske basso buffo og blir rekna både som ein opera serie og ein opera semiseria.[1]
Kjelder
endre- ↑ Sadie(ed), Stanley (1980). The New Grove Dictionary of Music and Musicians Vl 2. London: Macmillan. ISBN 1-56159-174-2.
- Denne artikkelen bygger på «Opera semiseria» frå Wikipedia på svensk, den 24. april 2024.