Opioid

psykoaktivt kjemikal

Opioid (av «opium» og «-oid», 'liknande') er ei felles nemning på ulike stoff som liknar morfin, eit stoff utvunne frå opium, i verkemåte. Dette kan vera stoff som kjem frå opiumsvalmuen (opiat), eller kunstig framstilte stoff med ein tilsvarande verknad. Omgrepet omfattar fleire, men ikkje alle, opiat, syntetiske stoff som fentanyl, ketobemidon og metadon, og endorfin, som er naturleg danna i kroppen.[1]

Opioid påverkar opioidreseptorane i kroppen.[1] Opium har vore brukt i fleire tusen år innan folkemedisin for å lindre smerte, i religiøse samanhengar og som rusmiddel.[2]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 A A Westin, E J H Strøm, L Slørdal, «Opiat eller opioid?»
  2. «Opium: velsignelse og byrde», Rusmidler fra Det gyldne triangel, Etnografisk museum i Oslo

«-oid» i Nynorskordboka.