Oppdal prestegard

62°36′28″N 9°38′46″E / 62.6078434113°N 9.6461898652°E / 62.6078434113; 9.6461898652

Oppdal prestegard
Foto: Jan-Tore Egge
Amtmannen betalte for istandsetjing av Raulåna i 1747.

Oppdal prestegard ligg like nord for Oppdal kyrkje.

På tunet står m.a. tre freda hus: Den såkalla «Raulåna» er truleg frå 1675 (årstalet på vindfløya), men er bygd om seinare. Over ein inngang står årstalet 1747 og vitnar om ei istandsetjing i forkant av ei kongevitjing.[1] Også forpaktarbustaden og stabburet er freda.[2] Dagens prestebustad vart oppført etter at kommunen tok over i 1899.

Det var eit branntilløp på prestegarden i 2008.[3]

Fotnotar endre

  1. Riksantikvaren
  2. Kulturterminalen, arkivert frå originalen 15. juli 2014, henta 5. juli 2014 
  3. Opdalingen, arkivert frå originalen 14. juli 2014, henta 5. juli 2014 

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Oppdal prestegard
  Denne Trøndelagartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.