Oppdalskifer er ein type kvartsittskifer som vert brote i Drivdalen sør for Oppdal i Sør-Trøndelag.

Skiferen oppstod under den kaledonske orogenesen og vart omvandla frå sandsediment til ein særs solid bergart. Han består av kvarts, feltspat og glimmer. Skiferen er lett å spalte på grunn av tynnne lag av parallellstilt glimmer (sericitt) som ligg mellom dei meir kvartsrike laga.

Skiferen vert nytta i skifermurstein, peisar, støttemurar, trappetrinn, golvflis, brotheller, tråkkheller, kledningsheller og liknande.

Kjelder endre