Den kaledonske orogenesen

Den kaledonske orogenesen er ein orogenese der fjella og åsane nord i Skottland, Irland, England, Wales og Vestlandet i Noreg vart danna. Det meste av berggrunnen i Noreg og på Svalbard og delar av Sverige og Finland var omfatta av orogenesen.

Kart over den kaledonske og den akadiske orogenesen.
Kaledonske foldar i Kong Oscar Fjord på Aust-Grønland.

Denne hendinga fann stad frå seint i silur til midt i devontida i paleozoikum, for om lag 420 til 390 millionar år sidan. Orogensen er kalla opp etter Caledonia, det latinske namnet på Skottland.

Den kaledonske orogenesen skjedde då kontinenta som etter kvart vart til Pangea samla seg. I den føregåande perioden, ordovicium for om lag 488 til 444 millionar år sidan, bestod det største kontinentet, Gondwana, av platene som vart det framtidige Afrika, Sør-Amerika og Antarktis. Det låg då mellom Sørpolen og ekvator. I nordaust låg Siberia og mellom desse to kontinenta låg Uralhavet. I søraust låg Baltica med Iapetushavet mellom seg og Gondwana. Eit lite øygruppe-liknande kontinent kalla Avalonia (i dag New EnglandNova Scotia og ein del av Vest-Europa inkludert Dei britiske øyane) låg vest for Baltica og mellom desse låg Tornquisthavet. Rheichavet låg mellom Avalonia og Baltica i nord og Gondwana i sør.

I ordovicium byrja Rheichavet å opna seg, og pressa Baltica og Avalona mot Laurentia. Baltika og nordlege område av Avalonia kolliderte først og skapte den kaledonske orogenesen i silur. Mot slutten av silur og i devontida kolliderte resten av Avalonia med Laurentia og skapte den akadiske ororgensen i Nord-Amerika, som førte til Appalachane.

Den kaledonske fjellkjeda som oppstod var på sitt mest imponerande dei første 10-20 millionar åra av devon. Då var ho 6 000 kilometer lang og over 100 km brei. Truleg var fjella på høgde med dagens Himalaya fordi fjellet som er synleg i dag har vore på stort djup. Berre 50 millionar år etter kollisjonen hadde erosjon slipt ned fjellkjeda.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Den kaledonske orogenesen