Optisk prisme
- For andre tydingar av ordet, sjå prisme.
Innan optikk er eit prisme eit transparent optisk element med flate sider som bryt lys. Den mest kjende forma har tre sider og blir brukt for å dele opp det kvite lyset i dei ulike fargane, men andre former blir brukt for å |reflektere lyset (til dømes i ein kikkert) eller for å polarisere lys.
Dispersjonen i ulike vinklar kjem av at brytingsindeksen til glaset er avhengig av bølgjelengder. Ved såkalla normal dispersjon er brytingsindeksen større for blått lys enn for dei lengre bølgjelengdene i det grøne og det raude. Forklaringa er at det blå ligg nærare glaset sine absorpsjonsresonansar i det ultrafiolette området.