Transparens er ein optisk eigenskap der er material er gjennomsiktig eller gjennomskinneleg for ljos. Ofte syner omgrepet på synleg ljos men brukast òg for andre område av det elektromagnetiske spekteret. Til dømes er levande vev meir transparent for røntgenstrålar enn skjelettet, noko som blir brukt ved røntgenbilete.

Glass er transparent gjennomsiktig.
Gjennomskineleg krystall.

Eit material er gjennomsiktig når ljosbølgjene passerer relativt uforstyrra gjennom materialen slik at bakomliggande objekt kan observerast. I alle andre medium enn vakuum vil det vere noko demping gjennom materialen og lysbryting ved overgangen mellom ulike material. I begge tilfelle opptrer refleksjon og/eller absorbsjon. Transparensen til eit material kan gjevast ved transmisjonsgraden τ. Det motsette omgrepet er opasitet. Når transmisjongraden er 0 er materialen fullt opakt (ikkje gjennomtrengelig for ljos eller elektromagnetisk energi). Døme på gjennomsiktige materialar er vanleg glas, einskilde plasttypar og mange gassar og væsker.

Når materialen er gjennomskinneleg kjem ein del av ljoset igjennom, men dei einskilde ljosvegane er forstyrra i ulik grad av indre refleksjon og brytning. Dei einskilde ljosbølgjene går ulike vegar gjennom mediet og det er ikkje lenger mogleg å observere objekt bak mediet, berre ulike grader av ljos og mørke. Døme på gjennomskinelege material er sandblåse glas, papir, porselen og marmor.

I bygg og møblar brukast transparent overflatehandsaming i form av lakk og beis. Lakken er ofte gjennomsiktig, men eldre lakktypar vil gulne med åra. Nyare lakk er tilsett stoff som hindrar sollys i å påverke treverket slik at det blir grått eller gulna. Beisen bestod opphavleg av fargepulver som var løyseleg i vatn, og vart brukt for å gje ope treverk ein fargetone utan å gje slepp på synet av trestrukturen. Nyare beistypar er ofte på lakkbasis.

Transparens brukast i kunsten både ved lasurteknikkar og, som ein oppdaga ved restaurering av eldre hollandsk malarkunst, som fargetilsetting av fernissen som elles blir brukt til vern av det ferdige biletet. Mange kunstnarfargar er transparente i seg sjølv, og må tilsetjast andre pigment for å bli opakke.

Det er etterkvart oppdaga at dei fleste måleria ikkje er opakke. De indre fargelaga set preget sitt på det endelege resultatet. Eit døme er Edouard Mants Olympia. Der viser det seg at målaren har brukt kvit undermåling for akafiguren (kjølig verknad), medan omgivnadene er målt på brunaktig grunning (varmare fargetoning). Resultatet er ei tydeleggjering av ei ubehageleg sanning (dama er luksusprostituert) som ikkje lèt seg framstelle med andre middel.

Materiala har ofte ulik transmisjonsgrad for ulike bølgjelengder, noko som til dømes blir vist godt i farga glas der tilsettingar av andre stoff gjer at dei fleste bølgjelengdene dempast mykje meir enn den bølgjelengda (fargen) som slepp igjennom. Transmisjonsgraden kan òg vere polarisert og gjere avhengig av påtrykt spenning, temperatur, ljosnivå eller belastning. Dette blir til dømes utnytta i sjølvregulerande solbriller, automatiske sveiseglas, LCD-skjermar og sjølvklebande termometer.

Kjelder

endre