Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa
Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OTSE eller OSSE, «for sikkerheit») er ein internasjonal tryggleiksorganisasjon som fokuserer på konflikthandtering. OSSE jobbar med å hindra at konfliktar oppstår, meklar i konfliktar som har oppstått og bistår òg med gjenoppbygging etter at ein konflikt er avslutta.
Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OTSE) | |||
| |||
Andre namn | Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa (OSSE) Organization for Security and Co-operation in Europe (OSCE) | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1973 (som KSSE) | ||
Hovudkontor | Wien i Austerrike | ||
Generalsekretær | Lamberto Zannier[1] | ||
Medlemmer | 57 medlemsland, 11 partnarar | ||
Nettstad | https://www.osce.org/ |
Organisasjonen har 56 medlemsland frå Europa, Sentral-Asia og Nord-Amerika. Han blei grunnlagd med verknad frå 1. januar 1995 som ei forlenging av Helsingforsprossessen, som starta med eit møte i den finske hovudstaden Helsingfors i 1975. Føremålet var å vera ein møtestad for aust og vest under Den kalde krigen.[2]
OSSE har hovudsetet sitt i Wien. Formannskapet roterer mellom medlemslanda, og blir halde av utanriksministeren i det valde landet. Under Kosovokrigen var den norske utanriksministeren Knut Vollebæk formann for OSSE.
Historie
endreKonferansen for tryggleik og samarbeid i Europa (KSSE) var opphavet til OSSE. KSSE blei skipa i 1973 og bar dette namnet fram til namnebytet i 1995. KSSE vart særleg kjend for Helsingfors-konferansen i 1975, som fastslo tesen om at grensene i Europa var ukrenkelege.
Då demokratiske opposisjonspolitikarar i USA kravde internasjonale valobservatørar under presidentvalet i USA i 2004, blei OSSE invitert til å observera for å sjå at alt gjekk rett for seg under valet.
Under krigen i Donbass i Ukraina frå 2014 tok organisasjonen ei viktig observasjonsrolle.[3]
Kjelder
endre- ↑ «Secretary General». OSCE.org. 20 June 2011. Henta 18. februar 2015.
- ↑ Galbreath, David J. (2007). The Organization for Security and Co-operation in Europe (OSCE). New York, NY: Routledge. ISBN 9780203960943. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ «Latest from OSCE Special Monitoring Mission (SMM) to Ukraine based on information received as of 18:00 (Kyiv time), 16 February 2015, KYIV» (17 February 2015), OSCE.org
- Denne artikkelen bygger på «Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa» frå Wikipedia på bokmål, den 17. februar 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Norge og OSSE ved Utanriksdepartementet