Opna hovudmenyen

Orkla ASA (OSE: ORK) er eit av dei største børsnoterte selskapa i Noreg, med verksemd innan kjerneområda merkevarer, spesialmaterialar og finansielle investeringar. Orkla omsette i 2013 for 33 milliardar kroner og hadde 17 000 tilsette.[1] Selskapet har sitt formelle hovudsete i Sarpsborg. Kontor- og administrasjonsadressa er i Oslo.

Orkla ASA
Org.nr.910747711
Skipa1654
DotterselskapBorregaard, Elkem, Sapa
og ei rekke merkevareselskap
BransjeKonsumentvarer
materialar, aluminium
HovudkontorOslo i Noreg
Tilsette35 000 (2007)
ResultatNOK 5 112 millionar (2007)

I dag omfattar Orkla blant anna REC (39,73% eigd av Orkla), Stabburet, Nidar, Lilleborg, Elkem, Sapa og Borregaard. Sommaren 2006 selde selskapet mediedivisjonen sin, Orkla Media, til det britiske selskapet Mecom. Orkla sitt kanskje mest kjende produkt er pizzaen Grandiosa.

HistorieEndra

Orkla har røtene sine tilbake til gruvedrifta på Løkken Verk i 1654. Det moderne Orkla blei grunnlagt i 1904 av Christian Thams, under namnet Orkla Grube-Aktiebolag. Christian Thams, med Farsund-reiaren Christian Salvesen som finansiell partner, tok opp igjen gruvedrifta på Løkken Verk etter at ho hadde vore nede nokre år. Gruvedrifta på Løkken tok slutt i 1987. Orkla ASA reknar 1654 som stiftingsåret sitt, og feira 350-årsjubileum i 2004.

Nokre av Orkla sine konsernsjefarEndra

Nokre av Orkla sine styreleiararEndra

MarknadsverdiEndra

Orkla sin marknadsverdi på Oslo Børs var 6. august 2008 oppe i 119 milliardar kroner. Orkla-aksjen blir handla under tickeren ORK.

KjelderEndra

  1. «Om Orkla», orkla.no. Vitja 15. januar 2015.

BakgrunnsstoffEndra