Opna hovudmenyen

Departementet Calvados

franske departement
Calvados
Våpenskjoldet til Calvados
Plassering
Plasseringa til Calvados i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 14
Region: Basse-Normandie
Préfecture: Caen
Sous-préfectures: Bayeux
Lisieux
Vire
Arrondissement: 4
Kantonar: 49
Kommunar: 705
Président du conseil général: Anne d'Ornano
Statistikk
Folketal Rangering 31.
 -1999 648 385
Folketettleik: 117/km²
Landareal¹: 5 548 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Calvados er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Basse-Normandie, og er kalla opp etter nokre klipper utanfor kysten.

HistorieEndra

Calvados er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Normandie.

«Orne inférieure» var opphavleg påtenkt som namn til departementet, men ein valde å i staden kalle det opp etter ei gruppe klipper i sjøen utanfor kysten.

Landgangen under D-dagen fann stad på strendene i Baie de Seine 6. juni 1944. Byen Caen vart nesten utsletta etter slaga som følgde i tida etter.

GeografiEndra

Departementet er i dag ein del av regionen Basse-Normandie og grensar til departementa Seine-Maritime, Eure, Orne og Manche. På nordsida ligg Baie de Seine, ein del av Den engelske kanalen, og i aust dannar Seinen grensa mot Seine-Maritime. Calvados inkluderer området Bessin, Pays d'Auge og området kalla «Suisse Normande» («Normannisk Sveits»).

Calvados mest kjende stader er Deauville og dei tidlegare elegante kasinobyane frå 1800-talet langs kysten.

ØkonomiEndra

Jordbruk dominerer økonomien i Calvados. Området er kjend for å produsere smør, ost, cider og den eplebaserte brennevinet kalla Calvados.

DemografiEndra

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla calvadosiens (herrar) og calvadosiennes (kvinner)

I 1999 var det om lag 650 000 innbyggjarar i departementet, som dermed var det 30. mest folkesette i den europeiske delen av Frankrike.

KulturEndra

Bayeuxteppet stammar frå Bayeux, noko som gjer byen til ein av dei mest vitja turiststadane i Normandie.

Ved Courseulles-sur-Mer ligg det eit senter til minne om D-dagen og dei kanadiske styrkane som gjekk i land ved Juno Beach under den andre verdskrigen i 1944.

TurismeEndra

Calvados er vorte delt inn i forskjellige turistområde: Bessin, Plaine de Caen, Bocage Virois, Côte de Nacre, Côte Fleurie og Pays d'Auge.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Departementet Calvados