Orrestranda er ei av jærstrendene, og strekker seg frå Vik i sør til Reve i nord. Ho ligg på Orre i KleppJæren, og er i følgje turistvegseksjonen i Statens vegvesen den lengste sandstranda i Noreg.[1]

Orrestranda våren 2006.
Foto: Gunleiv Hadland

Strandsona er bygd opp av sjølve sandstanden ved sjøen, sanddynene som hovudsakleg har vegetasjon av marehalm, og bakdynelandskapet med eit meir variert planteliv.

Strandområdet på Orrestranda er brote av Skårtangen og Åtangen med stor stein ut i havet. Friluftshuset nær Orrestranda er eit populært utgangspunkt for ein strandtur sommar som vinter.

Kjelder endre

  1. «Nasjonale turistveger». Statens vegvesen. Henta 15.03.2018.