58°43′43.3″N 5°31′43.9″E / 58.728694°N 5.528861°E / 58.728694; 5.528861

Orrestranda
Orre gamle kyrkje

Orre er ei bygd i Klepp kommune i Rogaland fylke. I det grøderike og flate området, med mange gardar, vert det drive stort innan landbruk. Mellom anna finst det fleire gartneri og drivhus. Det vert drive med ymse grønsakdyrking.

Geografi endre

Staden er kjend for Orrestranda, som saman med Borestranda utgjer den lengste sandstranda i Noreg. Folkesetnaden i krinsen var i 2004 1283, og som resten av kommunen har bygda ein ung folkesetnad.

Orrevatnet på 8,04 km² utgjer nedre delen av Orrevassdraget og er den største innsjøen på Jæren.

Kultur endre

På staden ligg Orre gamle kyrkje, ei mellomalderkyrkje frå 1200-talet og Orre kyrkje frå 1950.

Forfattaren Alexander Kielland heldt ofte til i området medan han vitja Jæren, og kan ha brukt det som inspirasjon for nokre av jærskildringane sine.

I nyare tid er Orre blitt kjend lokalt for Friluftshuset, eit bygg tilpassa det flate landskapet som fortel om miljøet i området. Huset har opent kvar søndag og viser ei permanent utstilling knytt til Jærstrendene landskapsvernområde. Her er også andre framstillingar og sommarkonsertar.

Orremesså blir halde på Orre kvart år.

Bakgrunnsstoff endre