Oscar Peter Lynum (17. mars 189029. november 1961) var ein norsk bilethoggar og treskjerar frå Skogn i Nord-Trøndelag.

Oscar Lynum
Oscar Lynum IKL.jpg
Fødd 17. mars 1890
Skogn
Død

29. november 1961 (71 år)
Trondheim

Yrke bilethoggar, treskjerar

Lynum var utdanna treskjerar og dreiv eigen verkstad i Trondheim frå 1916. Han debuterte på Høstutstillinga i Oslo i 1924, og vart etter andre verdskrigen knytt til restaureringsarbeida av Nidaros domkyrkje.

Lynum laga kyrkjekunst spreidd i heile Trøndelag, mellom anna altertavla i Steinkjers gamle kyrkje og eit krusifiks i Bartnes kapell. Han har også laga karyatiderAustråttborga, eit relieff av Martin Kvennavika i Steinkjer, og sju skulpturar på Vestfronten på Nidarosdomen, mellom dei av erkebiskop Øystein Erlendsson og jomfru Maria.

Lynum døydde i Trondheim.

KjelderEndra