Osijek
Osijek er ein tettstad og ein bykommune i Kroatia og fylkeshovudstad i fylket Osijek-Baranja.[2][3]
Osijek | |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
| |||||
Styresmakter | |||||
Land Fylke |
Kroatia Osijek-Baranja | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 174,9, 59,1 km² | ||||
Flatevidd - Bykommune |
169 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Bykommune (2021) - Byområde |
96 313 75 535 | ||||
Koordinatar | 45°33′20″N 18°41′40″E / 45.55556°N 18.69444°E | ||||
Høgd over havet | 94 m | ||||
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: www.osijek.hr | |||||
Plassering | |||||

Osijek ligg 282 km frå Zagreb og er den største byen i Slavonia. Han ligg på høgre sida av elva Drava, 22 km før elva munnar ut i Donau. Den høgre sida av elva ligg litt høgare enn venstresida, og er meir sikra mot flaum. Området rundt Osijek har vore busett i fleire tusen år, og vart først busett av romarane.
Historie
endreDå romarane erobra Panonnia-dalen, der Donji grad (Den nedre byen) i dag ligg, vart det bygd ein militærleir og sivil busetnad med namn Mursa. I år 133 fekk Mursa status som koloni.
Colonia Aelia Mursa oppstod i tre byggeetappar frå midten av 100-talet til midten av 300-talet. Byen hadde dobbel bymur. På grunn av den viktige geografiske plasseringa, dei viktige handelsvegane og hamna ved elva, bygde romarane ei steinbru over Drava (delar av denne brua er bevart i Osijek-museet). Colonia Aelia Mursa vart øydelagd fleire gongar, den siste gong av hunarane i år 441. Etter denne katastrofale øydelegginga vart ikkje byen bygd opp att på ny, og folkesetnaden slo seg heller ned i området omkring byen.
Det finst ingen nedskrivne notat om byen frå dei siste nedskrivingane om den romerske Mursa i 591 til han vart nemnd i mellomalderen som Osijek i 1196. Det finst derimot arkeologiske spor, som viser at det var busetnadar i området i denne perioden. Osijek voks fram vest for den romerske Mursa. Dei eldste dokumenta om byen er frå 1196, då kong Emerik bekrefta at det måtte samlast inn veg- og hamneskatt.
Det var fleire føydale familiar som herska over byen, og den som herska lengst var familien Korog frå [1353 til 1472.
Den 8. august 1526 vart byen plyndra og omleira av osmanarane, som brente ned byen til grunnen og byrja å byggje den opp att i orientalsk stil. I tida under tyrkarane var byen kjend på grunn av trebrua som gjekk over Drava og Baranija-sumpane frå Osijek til Darde. Brua var heile 8 km lang og den gong eit verdsunderverk. Brua vart bygd i løpet av nokre veker ved hjelp av 25 000 arbeidarar.
Byen vart frigjort frå tyrkarane den 29. september 1687. Like etter frigjeringa gjekk ein i gang med å forsterke dei svakaste forsvarspunkta i byen og folkesetnaden vart flytta 2 km opp elva frå festninga. Og slik oppstod Gornji grad (Den øvre byen) i 1692. På same måte oppstod Donji grad (Den nedre byen) då folkesetnaden vart flytta 2 km ned elva i 1698. Heilt til slutten av 1700-talet var alle dei tre busetnadane utvikla som sjølvstendige bykommunar. I 1786 vart dei tre busetnadane sameina til ein enkelt by, og i 1809 vart denne utnemnd til fri kongeby.
I 1884 opna det første moderne transportanlegget i byen, ei hestesporvogn. Dette var den første hestesporvogna sør for Wien og Budapest.
Folk frå Osijek
endre- Davor Šuker, fotballspelar
Folketal
endreDei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2001[4] | Folketal 2011[5] | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|---|
Osijek | 90 411 | 84 104 | 75 535 |
Tenja | 6 747 | 7 376 | 6 260 |
Višnjevac | 7 146 | 6 680 | 5 870 |
Josipovac | 4 395 | 4 101 | 3 602 |
Sarvaš | 1 539 | 1 884 | 1 658 |
Briješće | 1 382 | 1 318 | 1 153 |
Brijest | 1 248 | 1 187 | 1 005 |
Kommunen Osijek | 114 616 | 108 048 | 96 313 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger delvis på «Osijek» frå Wikipedia på dansk, og «Osijek» frå Wikipedia på engelsk den 18. mars 2007.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
- ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
- ↑ «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.