Oslo Analyzer
Oslo Analyzer (igangsett 1938, nedlagt 1954) var ei norsk datamaskin som i si tid var ei av dei største mekaniske analoge datamaskinene i verda.
Ho var av typen differensiell analysator som var utvikla av Vannevar Bush ved Massachusetts Institute of Technology (MIT). Ho blei installert i første etasje ved Institutt for Teoretisk Astrofysikk ved Universitetet i Oslo, under leiing av Svein Rosseland, som hadde besøkt MIT alt i 1933. Maskina hadde tolv integratorar (seks meir enn maskina ved MIT) og kunne rekne med éin tolvtegrads differensiallikning, eller to sjettegrads, og var ved ferdigstillinga i 1938 rekna som den kraftigaste i verda.
Ved den tyske invasjonen 9. april 1940, forstod Rosseland at maskina kunne bli eit viktig verktøy for okkupasjonsmakta, og derfor demonterte han maskina og grov ned alle dei essensielle presisjonsdelane i forsegla pakkar i hagen bak instituttet.
Maskina bidrog til ei rekke vitskaplege norske og internasjonale prosjekt inntil ho vart avvikla på 1950-talet og delvis plassert på Teknisk Museum.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Oslo Analyzer» frå Wikipedia på bokmål, den 14. november 2011.
- ↑ Per A. Holst, Svein Rosseland and the Oslo Analyzer, IEEE Annals of the History of Computing 18(4):16-26, 1996