Vannevar Bush

amerikansk forskar og ingeniør

Vannevar Bush (11. mars 189028. juni 1974) var ein amerikansk forskar og ingeniør som er kjent for arbeidet sitt innan analoge reknemaskinar, den politiske rolla si i utviklinga av atombomba og ideen om hypertekst. Han var vitskapleg rådgjevar for president Roosevelt.

Vannevar Bush

Vannevar Bush, ca 1940-1944
Fødd11. mars 1890
Everett i Massachusetts i USA
Død28. juni 1974 (84 år)
Belmont i Massachusetts i USA
NasjonalitetUSA
Områdefremtidsforskning
Yrkeinformatikar, oppfinnar, politikar, universitetslærar, ingeniør, science administrator
InstitusjonarMassachusetts Institute of Technology
Alma materB.A. Tufts College 1913
Ph.D. MIT 1917
DoktorgradsrettleiarDugald C. Jackson
EktefellePhoebe Davis
MedlemMIT Corporation
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
American Association for the Advancement of Science
American Physical Society
National Academy of Sciences
Literary Society of Washington

Bush var direktør for Office of Scientific Research and Development (OSRD) 1941–1947, og hadde dermed ansvaret for å koordinere all amerikansk krigsrelatert forsking under andre verdskrigen. Eit av prosjekta til OSRD vart forløparen til Manhattanprosjektet, som seinare utvikla dei første kjernefysiske våpena.

Bush har ei sentral rolle i historia til hyperteksten. Artikkelen hans As We May Think, publisert i The Atlantic Monthly i juli 1945, der han skildrar det teoretiske hypertekstsystemet Memex, er opphavet til ideen om hypertekst. Systemet vart aldri implementert, men la grunnlaget for seinare forsking, og har mange likskapstrekk med World Wide Web.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Vannevar Bush
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Vannevar Bush