Einar Gausel

Einar Johan Gausel (fødd 30. november 1963) er ein norsk sjakkspelar.

Einar Gausel

Einar Gausel NM Hamar 2007.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. november 1963
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1988, Sjakk-OL 1990, Sjakk-OL 1992, Sjakk-OL 1994, Sjakk-OL 1996, Sjakk-OL 2002, Sjakkolympiaden 2006

Einar Gausel vart utnemnd til Internasjonal meister i sjakk (IM) i 1988. Han vart utnemnd til stormeister i 1995, som den tredje frå Noreg som oppnådde denne tittelen. Einar Gausel vann Noregsmeisterskapen i sjakk i 1992, 1996 og 2001.

Einar Gausel har spelt heile 7 sjakk-olympiader (lag-VM i sjakk) for Noreg, i 1988, 1990, 1992, 1994, 1996, 2002 og 2006. I tre av dei, 1992, 1994 og 2002, spelte han på første bord. I desse 7 turneringane spelte han til saman 75 parti, og skåra 40,5 poeng etter 26 sigrar, 29 remisar og 20 tap, 54,0 %.

Einar Gausel spelar helst solide og posisjonelle stillingar.

Til dagleg er han sjakkspaltist i Dagbladet.

Einar Gausel er medlem i Oslo Schakselskap.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra