Opna hovudmenyen

Leif Øgaard (fødd 5. januar 1952) er ein norsk sjakkspelar.

Leif Øgaard
Fødd 5. januar 1952
Noreg
Yrke sjakkspelar

Leif Øgaard oppfylte i mars 2007 krava til å bli utnemnd til Sjakkstormeister, som den niande i Noreg. Han vart utnemnd til stormeister av verdssjakkforbundet 25. juni 2007. Leif Øgaard vart gjerne rekna som den beste sjakkspelaren i Noreg frå han vann NM i 1974, og til Simen Agdestein braut gjennom i 1982-1984.

Øgaard vart juniornoregsmeister i 1968. Han vart seinare noregsmeister i sjakk fem gongar, i 1974, 1975, 1979, 1985 og 1993.

Han har deltatt på det norske landslaget i sjakk-OL (VM for landslag), fem gongar, i 1972, 1974, 1976, 1978 og 1984. I 1974 og 1976 spelte han på 1. bord. Han har eit samla resultat på 30 sigrar, 28 remisar og 20 tap, 44 poeng på 78 parti, 56,4 %. I 1970 fekk han bronsemedalje for 3. beste resultat som 2. reserve, etter å ha tatt 7,5 poeng på 11 parti, 68,2 %.

Allereie i ei turnering i Dortmund i 1974 gjorde Leif Øgaard ein prestasjon på stormeister-nivå - men då det berre var to stormeistrar med, godkjende ikkje verdssjakkforbundet resultatet som teljande til stormeister-tittelen.

Etter ein femteplass i ei turnering i Reykjavik i 1975, vart Leif Øgaard utnemnd til den tredje frå Noreg med tittelen internasjonal meister i sjakk, etter Olaf Barda og Svein Johannessen.

Leif Øgaard klarte godkjende stormeister-resultat i turneringar i Gausdal i 1981 og 1982. Han kom seg samtidig opp i ein FIDE-rating på 2510, og var dermed over stormeister-kravet på 2500. Han mangla dermed berre ei god turnering på å bli stormeister - men det tok si tid før han klarte dette. Men vinteren 2006-2007, i Telio-serien, klarte han 6 poeng på dei første 6 rundane. Han trong deretter å møte tre stormeistrar dei tre siste rundane, og ta 1 poeng på dei 3 partia. Det gjekk akkurat, og stormeister-tittelen var dermed omsider hans.

Leif Øgaard har skrive sjakkspalte i Adresseavisen og Aftenposten. Han har vore medlem i Oslo Schakselskap, Brugata sjakklubb og Follo sjakkforening, og har dei siste åra vore tilbake i Oslo Schackselskap.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra