Ossetisk
Ossetisk er eit iransk språk som blir tala i Ossetia, eit område i fjella på grensa mellom Russland og Georgia. Språket har kring 550 000 brukarar, om lag 451 000 i Russland, hovudsakleg i Nord-Ossetia[2] og rundt 100 000 i Sør-Ossetia i Georgia. Det er skule- og administrasjonsspråk i Nord- og Sør-Ossetia.
Ossetisk Ирон ӕвзаг Iron ævzag | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Indoiransk Iransk Austiransk Nordaustiransk Ossetisk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland Georgia Tyrkia | |
Ossetisktalande i alt | 526 453[1] | |
Skriftsystem | Det kyrilliske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | os | |
ISO 639-2 | oss | |
ISO 639-3 | oss | |
Wikipedia på ossetisk |
Ossetisk høyrer til den nordaustlege greina av dei iranske språka. Det stammar frå ein av de mange iranske dialektane som blei tala i Sør-Russland i oldtida og tidleg mellomalder.
Dei to hovuddialektene er den austlege ironske, som har flest talarar, og den vestlege digorske. Skriftspråket byggjer på ironsk og blir skrive med det kyrilliske alfabetet. Dette alfabetet blei tilpassa ossetisk av språkforskaren Andreas Sjögren i 1844, med ulike representasjonar av kvar språklyd med bokstavar og diakritiske teikn. Etter eit kortvarig forsøk med latinske bokstavar gjekk dei sovjetiske styresmakten tilbake til dette alfabetet i 1936, med digrafar i staden for dei fleste diakritiske teikna. I Sør-Ossetia blei det georgiske alfabetet teke i bruk, noko som førte til folkeleg oppstand i 1951 og avskaffing i 1954.
Ossetisk har ein rikhaldig folkloristisk tradisjon, noko av han med røter til den iranske oldtida. Det voks fram ein kristen litteratur frå byrjinga av 1800-talet. Den litterære aktiviteten voks også etter oktoberrevolusjonen i 1917. Kosta Khetagurov (1859–1906) er rekna som far til den nasjonale litteraturen.
Kjelder
endre- ↑ Ethnologue-tal frå 2001
- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010
- «ossetisk» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Ossetisk» frå Wikipedia på bokmål, og «Ossetic language» frå Wikipedia på engelsk den 17. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Ossetic Grammatical Studies ved ossetic-studies.org (engelsk)
- Ossetian ved omniglot.com (engelsk)