Rosa Reichert, kjend som Ossi Reichert, (25. desember 192516. juli 2006) var ein tysk alpin skirennar, fødd og død i Gunzesried i Bayern. Ho vart olympisk meister i storslalåm i 1956.

Ossi Reichert

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 25. desember 1925
Sonthofen
Død

16. juli 2006 (80 år)
Ofterschwang

Yrke alpinist
Språk tysk
Ossi Reichert på Commons

Aktiv endre

Reichert deltok i Vinter-OL 1952 i Oslo, der ho etter ein åttandeplass i den nye øvinga storslalåm på Norefjell, i Rødkleiva tok sølvmedaljen i slalåm bakom Andrea Mead Lawrence frå USA, og framom landskvinna Annemarie Buchner som tok bronsemedaljen. Under VM i alpine greiner 1954 i svenske Åre vart Reichert atter best i slalåm, då med ein sjetteplass.

To år seinare vann Reichert gullmedaljen i storslalåm under vinterleikane 1956 i Cortina d'Ampezzo. Med tida 1.56,5 vann ho ein klar siger, 1,3 sekund føre sølvvinnar Josefa Frandl frå Austerrike.

Kjelder endre

  • (en) Ossi Reichert – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.