Opna hovudmenyen

Andrea Mead Lawrence (19. april 193230. mars 2009) var ein USA-amerikansk skirennar fødd i Rutland County i delstaten Vermont. Ho vart den fyrste nordamerikanske alpinisten som vann to olympiske gullmedaljar, begge triumfane kom i vinterolympiaden 1952.

Andrea Mead Lawrence
David and Andrea Lawrence 1956.jpg
Andrea Mead Lawrence og mannen David J. Lawrence under Vinter-OL 1956
Fødd 19. april 1932
Rutland County
Død

30. mars 2009
Mammoth Lakes

Yrke alpinist, politikar
Andrea Mead Lawrence på Commons

AktivEndra

Mead deltok i dei olympiske leikane i St. Moritz i 1948, knapt 16 år gammal, og vart nummer åtte i slalåm. To år seinare var det klart for alpint verdsmeisterskap i heimlandet, der ho i Aspen vart nummer 6, 9 og 12 i høvesvis slalåm, storslalåm og utfor.

Under Vinter-OL 1952 i Oslo sigra nygifte Mead Lawrence både i slalåm og i storslalåm, i den sistnemnde greina slo ho sølvmedaljøren Dagmar Rom frå Austerrike med 2,2 sekundar. I dei neste vinterleikane, i Cortina d'Ampezzo i 1956, kom ho på delt fjerdeplass i storslalåm.

Lawrence døydde i Mammoth Lakes i California, der ho hadde budd sidan ho vart skild på slutten av 1960-åra. Heilt frå 1970-talet var ho ein aktiv naturvernar, og ein 3 731 meter over havet høg fjelltopp på grensa mot Yosemite nasjonalpark fekk i 2010 namnet Mount Andrea Lawrence for å heidre hennar vedvarande innsats for å hindre at fjellområde vart bygde ut til masseturisme.

KjelderEndra