Josefa Frandl, kjend som Putzi Frandl, (fødd 5. juli 1930) var ein austerriksk alpin skirennar frå Radstadt i forbundslandet Salzburg som vann OL-sølv i storslalåm i 1956 og VM-sølv i slalåm i 1958, samt VM-bronse i kombinasjon.

Josefa Frandl
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 5. juli 1930 (93 år)
Radstadt
Yrke alpinist

Aktiv endre

Frandl deltok i alle dei alpine greinene under dei olympiske vinterleikane 1956 i Cortina d'Ampezzo. Best gjekk det i storslalåm, der ho kom på andreplassen i storslalåm, 1,3 sekund bakom den suverene vinnaren, tyske Ossi Reichert. Ho vart elles nummer fem i slalåm og kom på 13. plass i utfor.

Ved VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein tok Frandl ein ny sølvmedalje. I slalåmtevlinga måtte ho sjå seg klart slått av norske Inger Bjørnbakken som vann med ein margin på 1,4 sekund. Frandl enda så på femteplass i utfor og vart nummer elleve i storslalåm. Samanlagt gav desse prestasjonane henne ein bronsemedalje i kombinasjonen. Seinare i 1958-sesongen vann ho utfor og kombinasjon ved Holmenkollen Kandahar, utforrennet fann stad på Voss, slalåmrennet i Rødkleiva.

Sommaren 1958 reiste Frandl til USA og konkurrerte vinteren 1959 i Nord-Amerika. Vinteren 1959/60 flytta ho tilbake til Austerrike for å kvalifisere seg til Vinter-OL 1960 i Squaw Valley i California. Ho fekk plass på OL-laget, men ein 16. plass i slalåm var hennar fremste prestasjon.

I 1961 utvandra Frandl til USA, der ho sidan gifte seg og arbeidde som skiinstruktør.

Kjelder endre