Ostravice
Ostravice (polsk Ostrawica, tysk Ostrawitza) er ei elv i Mähren-Schlesien i Tsjekkia. Ho har sitt utspring i Dei moravisk-schlesiske Beskidane og renn gjennom Ostravice, Frýdlant nad Ostravicí, Frýdek-Místek og Paskov til Ostrava, der ho munnar ut i Oder, som ei av sideelvane frå høgre. Ho dannar delvis grensa mellom dei historiske områda Mähren (på venstresida) og Tsjekkisk Schlesien (på høgresida).
Ostravice | |||
elv | |||
Šancedemningen
| |||
Land | Tsjekkia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 827 km² | ||
Renn gjennom | Ostrava | ||
Sideelvar | Čeladenka | ||
Lengd | 64 km | ||
Middelvassføring | 12,7 m³/s | ||
Kjelde | Bílá Ostravice i Dei moravisk-schlesiske Beskidane | ||
• høgd | 900 moh. | ||
Munning | Oder ved Ostrava | ||
• høgd | 190 moh. | ||
Ostravice 49°27′18″N 18°28′03″E / 49.454981°N 18.467617°E | |||
Wikimedia Commons: Ostravice (river) |
Elva har sitt utspring der elvene Bílá Ostravice (Kvite Ostravice) og Černá Ostravice (Svarte Ostravice) renn i hop. Dei renn begge gjennom djupe skogdalar, som er viktige framkomstvegar til feriestadane Bílá og Bílý Kříž. I 1970 vart det bygd ei demning på Ostravice, Šancedemningen, som fungerer som eit ferskvassreservoar for industriområda rundt Ostrava.
Ostravice renn så gjennom det åslendte landskapet mellom landsbyen Ostravice og Frýdek-Místek, og til slutt ut på låglandet rundt det industrialiserte området rundt Ostrava.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ostravice River» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2007.