Sven Osvald «Ossi» Mildh (12. mai 193016. september 2015) var ein finsk friidrettsutøvar frå Helsinki. Han vann to bronsemedaljar ved EM i friidrett 1954, den eine på 400 meter hekk og den andre i 4 × 400 meter stafett.

Osvald Mildh
Statsborgarskap Finland
Fødd 12. mai 1930
Helsingfors
Død

16. september 2015 (85 år)
Helsingfors

Idrett friidrett, ishockey
Tok del i

Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1956, EM i friidrett 1954, EM i friidrett 1958

Mildh deltok i Sommar-OL 1952, utan å kome vidare frå forsøket. Under europameisterskapen 1954 i Bern gjorde han sitt livs løp då han med tida 51,5 sette finsk rekord i 400 meter hekk og vann bronsemedaljen, einast dei sovjetiske utøvarane Anatolij Julin og Jurij Litujev sprang fortare.[1] I den same meisterskapen tok Mildh seg av den andre etappen for det finske mannskapet som kom på tredjeplass i den lange stafetten. Både under Sommar-OL 1956 og Friidretts-EM 1958 vart han slått ut i forsøket.

Åra 1953, 1954, 1957 og 1958 vart Mildh finsk meister på 400 m hekk. I tillegg vann han den nasjonale gullmedaljen på 400 meter i 1953 og på 110 meter hekk i 1957.

Kjelder endre

  1. «Ossi Mildh Bio, Stats and Results». Sports Reference LLC. Arkivert frå originalen 17. april 2020. Henta 5. april 2014.