Othar Holmboe
Othar Holmboe (1. mars 1868–4. november 1928) var ein norsk apotekar, illustratør og kunstmålar.
Othar Holmboe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. mars 1868 Vefsn kommune |
Død |
5. november 1928 (60 år) |
Yrke | illustratør, kunstmålar, farmasøyt |
Othar Holmboe på Commons |
Othar Holmboe vart fødd i Vefsn men voks opp i Tromsø. Her vart han utdanna til farmasøyt (1887), og var med i etableringa av Tromsø Kunstforening med far sin, Othar Ervigius. Seinare vart han, som bror sin, Thorolf Holmboe, student ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Kristiania med studieturar til Paris (1896) og København (1900). Han debuterte på Høstutstillingen i 1898.
Holmboe hadde eit breitt interessefelt, illustrerte m.a. Gabriel Scotts Lillehavns mysterier (1898), dekorerte altartavla i Såner kyrkje, og utgav biografien Foged Jens Holmboes efterkommere, Bogtrykkeriet Concordia (1890). Holmboe teikna også plakatseriar som NSBs Norge - Midnatsolens Land (1905) og Mustads margarin (1905). Han busette seg etterkvart i Son, der han dreiv apotek og var ordførar.
Othar Holmboe døydde på Jessheim i 1928. Han er biografert i pamfletten Thorolf og Othar Holmboe, Tromsø Kunstmuseum (1996).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Othar Holmboe» frå Wikipedia på bokmål, den 2. desember 2008.