Byglandsbleke

(Omdirigert frå Bleke)

Byglandsbleke eller berre bleke er ein reliktlaks som opphavleg var vanleg i Byglandsfjorden og vassdraget Otra. Han lever heile livet i ferskvatn og blir normalt ikkje større enn 30 cm lang. Bleka lever hovudsakleg av plankton.[1]

Etter den første vassdragsreguleringa i 1905 forsvann viktige gyteområde for laksen. Rundt 1970 var stammen nesten borte grunna generell forsuring og tilslamming frå Brokkereguleringa i 1964. Ein liten bestand blei berga i 1972 og stamfisk blei sikra på fem ulike setjefiskanlegg i Sør-Noreg, mellom dei eit lokalt anlegg på Bygland. Ei rekkje uhell medførfe at det i 1973 berre var totalt 202 einsomrig bleike igjen, på Reinvoll klekkeri i Oppland.

Otteraaens Brugseierforening (OB), som har konsesjon for regulering av mellom anna Byglandsfjorden, er gjennom konsesjonsvilkår pålagt å setja ut bleike i Byglandsfjorden. II 1992 bygde OB eit moderne setjefiskanlegg, Syrtveit Fiskeanlegg, for å oppfylla konsesjonsvilkåra. Det blir årleg sett ut 100 000 yngel av bleike, hovudsakleg i sjølve Byglandsfjorden. I tillegg blir det lagt ut rognkassar med ca. 100 000 rogn for å freista å få bleika til å reprodusera naturleg. Utlegging av rognkassar er eit ledd i arbeidet som pågår i «Blekeprosjektet» som starta i 1999. Prosjektet har som mål å gjenetablera ein sjølvreproduserande blekebestand i Otra.

Det blir satsa på å auka naturleg reproduksjon i innsjøen, blekerogn på potensielle gyteområde, i tilleg til grus som er eigna til gyting. Otteraaens Brugsierforening har òg innført reguleringsrestriksjonar i tida då rogna ligg i grusen, for å minimera tørrlegging av gytegroper.

Ørekyt har spreidd seg nedover Otra-vassdraget, blei det rapportert i 2008, og ein frykta då at ørekyten vil fortrenga bleka i Byglandsfjorden.

KjelderEndra

  1. Byglandsbleke]. Artsdatabankens faktaark ISSN1504-9140 nr. 175, 2011

BakgrunnsstoffEndra