Ottar Hellevik (fødd 20. juni 1943) er ein norsk samfunnsforskar og statistikar. Han var professor ved institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1986 til pensjonsalderen. Han var òg forskingsleiar ved Synovate (tidlegare MMI). Han har særleg forska på meiningsmålingar og samfunnsvitskapleg metode. Hellevik har skrive den mest brukte innføringboka i kvantitativ metode i samfunnsvitskap som gjennom fleire revisjonar har vore i bruk sidan 1971, og som no er i sjuande reviderte utgåve.

Ottar Hellevik
Fødd20. juni 1943
NasjonalitetNoreg
Yrkestatsvitar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Hellevik har nytta spørreskjemadata frå undersøkinga Norsk Monitor til å kartleggja verdiendringar over tid i Noregs folkesetnad. Dette arbeidet populariserte han i boka Nordmenn og det gode liv frå 1996. Denne boka vart illustrert og kommentert av Odd Børretzen og viste ved den statistiske teknikken korrespondanseanalyse korleis ein kunne gruppera haldningane til personar langs dei to aksane tradisjonalistar/modernistar og idealistar/materialistar. I 2008 utgav han boka Jakten på den norske lykken. Dette var ein introduksjon til lukkeforsking, og nytta empiri frå Norsk Monitor og internasjonal forsking for å undersøkja om lukke var målbart og kva for faktorar som fører til lukkeleg liv. I boka argumenterte Hellevik for at personar med idealistisk verdisett oftare ville føla seg lukkelege enn personar som var opptekne av materielle verdiar.

I 2011 gav han ut ei bok om bruk og misbruk av meiningsmålingar, Mål og mening. Om feiltolking av meningsmålinger, som var rikt eksemplifisert med korleis nyhendemedia (mis-)brukte statistikk.

Litteratur endre

  • Forskningsmetode i sosiologi og statsvitenskap 7.utgave 2002 Universitetsforlaget ISBN 9788215002507

Bakgrunnsstoff endre