Opna hovudmenyen

Odd Børretzen

norsk forfattar, illustratør, omsetjar og vokalist

Unge årEndra

Børretzen vart fødd på Fister i noverande Hjelmeland kommune i Rogaland, men flytte til ein nedlagt gard på Grorud i Oslo då han var tre år gamal. Faren Jacob Børretzen var predikant og landssekretær i Norges Finnemisjonsselskap (i dag: Norges Samemisjon). Miljøet Odd voks opp i, var strengt religiøst, noko som prega han sjølv, men han braut med kristendommen tidleg.

Rett etter andre verdskrigen reiste Børretzen til sjøs. Han utdanna seg deretter til telegrafist medan han gjorde verneplikta, før han reiste til sjøs på nytt i fire år. Seinare hadde han ulike strøjobbar, samtidig som han leverte eigne teikningar til aviser og vekeblad. Rundt 1960 vart leiinga i NRK merksame på talenta hans, og deretter hadde han ei rekkje engasjement som radiokåsør og opparbeidde seg raskt eit namn som humorist og entertainer med muntert-vemodige historier og mild satire over nordmenns særleikar og unotar.

ForfattarEndra

Etter ein lang serie radiokåseri hadde han nok materiale til å skriva si fyrste bok, Det norske folks bedrøvelige liv og historie (1968) – ei bok om norsk sjølvgodleik. Boka vart ein stor salssuksess og er seinare komen i fleire nye utgåver. Seinare har han gjeve ut ei rekkje bøker der han har vidareutvikla stilen og motiva i debutboka. I fleire av dei ser me han som ein stor skjêrgards- og båtentusiast med historier frå livet ved norskekysten, helst Sørlandet og Oslofjorden. I andre bøker fortel han om nordmenns triste forhold til alkohol, forholdet vårt til helteskikkelsar og historiske personar. Boka min barndoms verden er vorten filmatisert i Da jeg traff Jesus... med sprettert frå 2007.

Musikar og prisvinnarEndra

Som musikar har han m.a. gjeve ut plate i samarbeid med gitaristen Lars Martin Myhre eller med Alf Cranner. På fleire låtar "snakkar" Odd Børretzen med akkompagnement i bakgrunnen før han tek til med verkeleg song. Han har vunne Spellemannprisen fleire gonger, og i 1996 fekk han Spellemannprisens heiderspris. Av andre prisar han i ulike høve har vunne kan nemnast Gammleng-prisen, Vestfolds litteraturpris, Leonardstatuetten, Edvard-prisen, Humanistprisen og Herman Wildenweys poesipris.

Personleg livEndra

Odd Børretzen var busett i Holmestrand. Han levde i over 30 år saman med bilethoggaren Eva Bødtker-Næss, hans andre ektefelle.

Bøker (utval)Endra

  • Byen som laget brannbil, 1959
  • Det norske folks bedrøvelige liv og historie, 1968
  • Det var greit nok for Noah, 1969
  • Fra Jomfruland til Lindesnes, 1973
  • Ytre Oslofjord – og svenskekysten, 1974
  • Brev fra Frankrike, 1975
  • – andre norske folkeeventyr, 1975
  • Reisen til Europas indre, 1975
  • Indre Oslofjord. Guide for båtfolk, 1976
  • Kristian Kvart og jeg. Min pubertets by, 1980 (ny utg. 1998)
  • Adam, Christoffer Columbus, Henrik Ibsen og andre store oppdagere, 1983
  • Berus Eder!, 1985 (ny utg. 1999)
  • Hvordan forstå og bruke en nordmann, 1991
  • På ville veier, 1993
  • Synd & skam, 1994
  • Noen ganger er det all right, 1995
  • Sang i 150 år, 1996
  • Min barndoms verden, 1998
  • Mobiltelefonen, 1998
  • Gleden ved å ha båt, Tønsberg 2001
  • Mannen som ikke ville stå opp, barnebok, 2004

Plater (utval)Endra

  • Odd Børretzen, 1974, CD 1996
  • Odd Børretzen og Alf Cranner i levende live på Sandvika Kino en kald desemberdag i 1973 (sm.m. A. Cranner), 1974, CD 1996
  • På den ene siden, på den andre siden (sm.m. J. Hougen og T. Osvold), 1976, CD 1996
  • Noen ganger er det all right, CD 1995
  • Hva er det de vil? (sm.m. A. Cranner), CD 1996
  • Vintersang (sm.m. L. M. Myhre), CD 1997
  • Kelner!, 2002

KjelderEndra