Ottar Starheim
Ottar Starheim (16. mars 1946–18. mai 2012)[1] var ein norsk journalist, redaktør og lokalhistorisk forfattar fødd på Stårheim i Eid kommune. Han var busett i Førde.
Ottar Starheim | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. mars 1946 |
Død | |
Yrke | skribent |
Virke
endreStarheim starta som journalist i 1963, og arbeidde i Fjordenes Tidende, VG og NRK Møre og Romsdal.
I 1975 vart han styrar av NRK sitt nye kontor for Sogn og Fjordane i Førde. Kontoret starta eigne fylkessendingar i 1977. I 1979 vart Starheim den første distriktssjefen i NRK Sogn og Fjordane, ei stilling han hadde fram til 1990.
På 1990-talet arbeidde han i hovudsak med historiske program. Frå 2001 leia han arbeidet med NRK Sogn og Fjordane sitt nettbaserte Fylkesleksikon. Fylkesleksikonet vart i 2009 gjeve ut som bokverk på 3250 sider, fordelt på fire bind. Han fotograferte ein stor del av dei 12 000 bileta i bokverket.
Starheim har fått Presseprisen for Sogn og Fjordane to gonger.
Ottar Starheim var mellom anna leiar i ungdomslag og idrettslag både på Stårheim, i Måløy og i Førde. Han var styreleiar i Sunnfjord Skisenter AS under utbygginga av alpinanlegget på 1980-talet, styreleiar i Førde Næringsutvikling AS og styreleiar i Stårheim Kraft AS.
Bibliografi
endreBøker
endre- 1999 – 50 år med Ramstad : -med begge beina på jorda, står du still- (Førde: Ramstad eskefabrikk). ISBN 82-995316-0-8 I fulltekst ved nb.no
- 2003 – Måløy : brua og byen (Måløy: Måløybrua AS). ISBN 82-303-0106-9 [Av: Ottar Starheim, Terje Sølvberg ; fotograf: Arild Nybø]
- 2003 – Tunge tak : historia om godstransporten i Sogn og Fjordane (Førde: Selja). ISBN 82-91722-33-1
- 2004 – Tida flyg : historiske flyfoto frå Sogn og Fjordane : basert på Johan Ottesens fotoarkiv (Førde: Selja). ISBN 82-91722-42-0
- 2009 – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Bind 1. Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Eid, Fjaler, Flora, Førde (Førde: NRK). ISBN 978-82-81783-26-3 [Biletredaktør og bilettekstar: Kjell Arvid Stølen ; illustrasjonar: Bernt Kristiansen]
- 2009 – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Bind 2. Gaular, Gloppen, Gulen, Hornindal, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Leikanger (Førde: NRK). ISBN 978-82-81783-27-0 [Biletredaktør og bilettekstar: Kjell Arvid Stølen ; illustrasjonar: Bernt Kristiansen]
- 2009 – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Bind 3. Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Solund (Førde: NRK). ISBN 978-82-81783-28-7 [Biletredaktør og bilettekstar: Kjell Arvid Stølen ; illustrasjonar: Bernt Kristiansen]
- 2009 – Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Bind 4. Stryn, Vik, Vågsøy, Årdal, Sogn og Fjordane (Førde: NRK). ISBN 978-82-81783-29-4 [Biletredaktør og bilettekstar: Kjell Arvid Stølen ; illustrasjonar: Bernt Kristiansen]
- 2012 – Bygdesoga for Stårheim (Stårheim: Stårheim bygdelag) [Nettutgåve]
I tidsskrift - eit utval
endreKjelder
endre- Om Ottar Starheim i Allkunne Arkivert 2018-09-13 ved Wayback Machine.
- Selja forlag
- Bibsys
- Referansar