Fjordenes Tidende

Fjordenes Tidende er ei norsk avis som kjem ut i Måløy. Avisa dekker ytre Nordfjord i kommunane Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven. Ansvarleg redaktør er Dag H. Nestegard frå Svelgen.[1]

Fjordenes Tidende
TypeDagsavis
(tre dagar i veka)
FormatTabloid
Oppretta1910
Første trykk1909
MålformMålformnøytral
(mest nynorsk)
Lokalavis forNordfjord
(Kjerneområde: Måløy)
EigarskapSunnmørsavisene AS (98,5%)
Mindre eigarar (1,5%)
Opplag4 648 (2014) 
RedaksjonskontorGate 1, nr. 119, 3. etasje
PostnummerPB 55,
6701
StadMåløy
Ansvarleg redaktørDag H. Nestegard  (2024)
NettstadFjt.no
Dag H. Nestegard er ansvarleg redaktør i Fjordenes TIdende.

Måløyavisa vart skipa i 1910, som eit organ for Frisinnede Venstre. Frå 1931 gjekk avisa over til å bli ei av Høgre sine mange lokalaviser.

Avisa var ei av dei første som utfordra dei partipolitiske grensestolpane i samtida. Bladstyraren gjennom 25 år, Per-Gunnar Larsen, hevda ei fri redaksjonell stilling innanfor høgrepressa, og slapp unna med det.[treng kjelde]

Avisa blei kjøpt opp av Orkla Media i 1994. I 2006 kom avisa i eiget til Mecom-kontrollerte Edda Media.Ho er no eigd av Polaris Media.

Fjordenes Tidende er den eine av fire aviser i Sogn og Fjordane som har nådd i eit opplag på over 7 000.[treng kjelde]

Opplagstal endre

Utvikling i nettoopplag.[2]

År Nettoopplag
2000 6 590
2001 6 326
2002 6 085
2003 5 896
2004 5 855
2005 5 684
2006 5 582
2007 5 483
2008 5 485
2009 5 434
2010 5 308
2014 4 648

Kjelder endre

  1. Breidalen, Svanhild (29. november 2023), «Dag flyttar heim til kysten og redaktørjobben i Fjordenes Tidende», fjt.no (på norsk), henta 1. desember 2023 
  2. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff endre