Otto Gilbert David Aubert
Otto Gilbert David Aubert (fødd 1809 på Kronborg, død 1838 i Napoli) var ein norsk matematikar og son av Benoni d'Aubert. Han var ven av Niels Henrik Abel og hjelpte han med å få dei første matematiske arbeida sine på trykk.
Otto Gilbert David Aubert | |
![]() | |
Fødd | 9. januar 1809 |
---|---|
Død | 29. mars 1838 |
Nasjonalitet | Noreg |
Yrke | matematikar |
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Etter å ha teke andreeksamen ved Universitet i Kristiania, var Aubert nokre år lærar ved Christiania katedralskole. I skuleprogrammet for 1833 offentlegjorde han avhandlinga Echantillon d'une analyse sphérique, det einaste arbeidet om moderne geometri som kom ut i Noreg før Sophus Lie. Etter ei utanlandsreise vart han i 1834 utnemnd til lærar for sønene til kronprins Oscar, dei seinare kongane Carl og Oscar. Sommaren 1837 følgde han med ein svensk eskadre til Middelhavet for å få att helsa si, men døydde av tuberkulose i Napoli året etter.
Breva hans frå Stockholm frå 1834 til 1837 er særs verdifulle og er trykt i Sofie Aubert Lindbæk-boka Landflygtige; af Aubertske papirer (1910).
Kjelder Endra
- «Otto_Gilbert_David_Aubert» i Store norske leksikon, snl.no.